Vi styrkar vårt unike kompetansemiljø innan Revisjon og ser etter deg som vil litt meir!

Vi styrkar vårt unike kompetansemiljø innan Revisjon og ser etter deg som vil litt meir!

PwC Nordvest har aukande oppdragsmengde og søkjer no etter deg som ynskjer å jobbe med revisjon i eit kompetent, sosialt og hyggeleg miljø på vårt kontor i Førde (søk også gjerne om du kunne tenke deg å jobbe for PwC på eit av våre andre kontor). Vi oppfordrar både nyutdanna og deg med kort og lang erfaring til å søke dersom du ynskjer å bidra til å utvikle Norges mest unike kompetansemiljø på området. Vi kan love deg eit utviklande fagmiljø og mange spanande kundeoppdrag.

PwC i Nordvest er det leiande miljøet i vår bransje. Vi arbeider målretta med å bygge lokal kompetanse og har ei tverrfagleg og hyggeleg miljø med ca 85 rådgjevarar, revisorar og advokatar fordelt på våre kontor i Førde, Florø, Sogndal, Sandane, Måløy, Stryn, Ulsteinvik, Ålesund og Molde.

Hjå oss er det viktig med ein kombinasjon av tenestekompetanse og bransjeerfaring. Fleire av våre kundar er leiande aktørar i sine bransjar både lokalt, regionalt og nasjonalt.


Er du den vi ser etter?


Vi søker deg med følgande kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Fagleg dyktigheit og god teoretisk forståing i økonomiske og/eller teknologiske fag
  • Analytiske eigenskapar
  • Forretningsforståing, med evne til å sjå moglegheiter og handlingsrom
  • Gode relasjonseigenskapar og samarbeidsevner
  • Høg grad av integritet


Kva kan PwC tilby deg?

I PwC får du moglegheiten til å jobbe med spanande oppdrag hos solide kundar, både i offentleg og privat sektør. Du blir ein del av eit utviklande og godt arbeidsmiljø, kor vi har sett fagleg og personleg utvikling i system. PwC har konkurransedyktige betingelsar, samt gode pensjons- og forsikringsordningar. 

Om PwC:

Dei bedriftene som endrar verda er dei som vil det mest. Dei som har dei mest nyfikne menneska. Dei som gjer det lille ekstra. PwC har kompetanse frå alle verdas hjørne og lokale kontor i Noreg, og er eit av verdas største nettverk av revisorar, advokatar og rådgjeverar. Vi tilbyr tenester innan revisjon, rekneskap, rådgjeving, skatt og avgift til offentlege og privateigde verksemder. Basert på eit bredt kompetansemiljø skal vi bygge tillit og bidra til god styring og kontroll hjå våre klientar, og positivt påvirke selskapet si evne til verdiskaping og utvikling.

Kvar dag går meir enn 223.000 PwC-medarbeiderar i 157 land på jobb for å hjelpe våre klientar til å lukkast. I Noreg er vi over 1.700 tilsette representert ved 28 kontor. PwC sine klientar varierar frå nokre av verdas mest komplekse organisasjonar, til små og mellomstore lokale verksemder. I PwC lever vi etter følgande verdisett: Act with Integrity, Make a difference, Care, Work Together, Reimagine the Possible.


Spørsmål knyttet til stillingen rettast til Jan Flølo tlf: 95 26 13 21 eller Jan Ove Helle, tlf: 95 26 13 33.


Søknadsfrist: 29.09.2019.


Søk ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema innan 29.09.2019 og legg ved CV, søknad, karakterutskrifter og relevante attestar.


Lignende søk: Annet, Rådgivning / Konsulenter