God på tal og menneske? Grip sjansen og bli vår nye kollega!

Vil du bli ein del av ein proaktiv gjeng, som legger sjela si i å skape gode kundeopplevingar? Ved Azets sitt kontor i Sogn leiter me nå etter fleire nye kollegaer og søker både nyutdanna og erfarne rekneskapsrådgjevarar!

So kvifor verte ein del av Azets i Sogn?

Azets har dei beste kundane, beste rådgjevarane og beste systema. Kvardagen hjå oss har høgt tempo, i tillegg er den både lærerik og sosial. Me har mykje kontakt med kundane våre, og brenner for å gjere den beste jobben for dei. Me seier alltid ja til nye utfordringar og spennande oppgåver, og me hirer etter å vere eitt steg framfor. For det beste me veit, er når kunden opplever suksess, og me samstundes veit at me er ein av årsakene til at dei lukkast!

Sjølv om det kan vere hektisk i periodar, so har me det morosamt saman - humøret er alltid på topp, me inkluderer kvarandre og finner på sosiale aktivitetar. På fredager venter det ofte litt ekstra hygge med bakst på kontoret, og nokon gonger går teamet ut saman etter endt arbeidsdag. Me har elles ein høg fagleg kompetanse, fokus på å gi dei tilsette tillit og moglegheiter for vidare utvikling av eigne ferdigheiter.

Kva vil du få jobbe med hjå oss?

  • Bidra til optimal kundetilpassing og utvikling av rutinar
  • Delta i kundemøter og optimalisere samarbeidet med kunden
  • Økonomisk rådgjeving, controlling, rapportering og årsoppgjer
  • Støtte og rådgjeving til våre kundar
  • Ansvar for at kundane opplever å verte ivaretekne på ein god måte
  • Ansvar for å bygge og utvikle eigen kundeportefølgje

Kva kan Azets tilby deg?

  • Bransjen sin beste og mest automatiserte system og prosesser
  • Eit morosamt, utviklande og inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for fleksibel arbeidstid
  • Eit breitt spekter av utfordringar i eit solid selskap i vekst

Kven er du?

  • Setter kunden i fokus og evner å skape tillit
  • Har ein proaktiv haldning og er endringsvillig
  • Er svolten etter å skape vekst
  • Bachelor eller master i Rekneskap/Revisjon/Økonomi eller anna relevant utdanning
  • For erfarne søkarar er det ynskjeleg med solid rekneskapsforståing og gjerne nokre års erfaring frå rekneskapsbyrå eller revisjon
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, både norsk og engelsk
  • Har god IT-forståing og synes teknologisk utvikling er spennande

Arbeidsstad vil være i Azets sine lokale i Sogndal. Oppstart etter avtale.

Har du spørsmål eller ynskjer du å vite meir om stillinga? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Tony Borlaug på telefon 911 96 049.
I Azets trur me at dei beste løysingane oppstår når me deler ulike erfaringar og perspektiv med kvarandre. Uansett bakgrunn, nasjonalitet, alder, kjønn, legning eller funksjonshemming, ynskjer me deg velkommen til å søke på stillinga hjå oss.


Lignende søk: Konsulent, Spesialist, IT / Tech /, Regnskap / Revisjon, Rådgivning / Konsulenter