Assisterande direktør - NAV Økonomiteneste

Spanande leiarstilling med nasjonalt ansvar i vakre omgjevnader

Vil du vere med og utvikle økonomi- og rekneskapsområdet i NAV? Vi ser etter deg som skaper gode relasjonar og trygge arenaer prega av tillit, meistring og utvikling. Vi tilbyr ein særs spanande leiarjobb i ein viktig organisasjon i stor endring. Du får høve til å vere med å påverke og utvikle NAV, ein sentral samfunnsinstitusjon som er viktig for oss alle. NAV Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester for NAV. Dette inneber mellom anna utbetaling av 450 mrd. kroner i årlege ytingar til innbyggjarar, utbetaling av lønn til NAV sine tilsette, sentralt fakturamottak, rekneskaps- og rapporteringsoppgåver, samt rettleiing for etaten sine 14 000 tilsette. NAV sitt rekneskap utgjer 1/3 av statsbudsjettet, og NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 90 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger, i Vestland fylke.

Det skal no rekrutterast leiar til seksjon for innkjøp, betaling og rekneskap, som er den største av dei tre seksjonane. Leiaren for denne seksjonen vil også ha rolla som assisterande direktør, som inneber at ein har eit noko utvida ansvar og vil vere ein viktig sparringspartner for direktør.

Meir om oss på Framtidsfylket sine sider.

Arbeidsoppgåver/ansvar

  • Seksjonen har ansvar for mellom anna utbetaling av NAV sine ytingar, innkjøpsoppgåver og fakturahandsaming, samt oppgåver knytt til rekneskapsføring, avstemming og rapporteringar for NAV som heilskap.
  • Leiar for seksjonen er ein viktig drivar for utvikling av området, og skal samstundes sikre stabil og effektiv drift.
  • Seksjonen har 44 tilsette, inkludert to nestleiarar som deler på personalansvaret. Leiar vil ha direkte personalansvar for nestleiarane, og overordna personalansvar for seksjonen.
  • Du vil rapportere til direktør og deltek i direktøren si leiargruppe.
  • Fast stedfortreder for direktør.

Krav til kompetanse

  • Relevant høgare utdanning på mastergradsnivå, gjerne innan økonomisk-administrativ studieretning. Brei erfaring kan kompensere for noko lågare utdanning.
  • Leiarerfaring, gjerne i tilsvarande stilling i offentleg eller privat verksemd.
  • God kunnskap om økonomi og rekneskap.
  • Kunnskap om og erfaring frå korleis lukkast med endringsleiing.

Personlege eigenskapar/erfaring

  • For å lukkast i rolla er det viktig at du tenker heilskapleg og strategisk, og at du kommuniserer på ein god måte med ulike nivå og fagmiljø. Du samarbeider godt, lyttar, deler og inkluderer for at andre skal lukkast. Det er viktig at du er utviklingsorientert og aktivt søker ny kunnskap.
  • Ein viktig del av rolla er å sikre at NAV etterlever økonomireglementet i staten, ved å vidareutvikle rutinar for internkontroll, og legge til rette for god verksemdstyring. For å få til dette må du vere ein god pådrivar som er synleg i organisasjonen, ha gode kommunikasjonsevner og vere ein god nettverksbyggjar.
  • Økonomiområdet i NAV er under utvikling og vi skal mellom anna ta i bruk nye løysingar for budsjett og prognose, analyse og rapportering. Det er viktig å skape engasjement og entusiasme for endringane i organisasjonen. Erfaring i å leie endringsprosessar er difor ein fordel i denne rolla.
  • Erfaring frå større offentlege verksemder er ein fordel.

Vi tilbyr ei utfordrande leiarstilling i ein dynamisk etat som står i spanande endringsprosessar. Vi har gode fleksitidordningar, og har innført hybrid arbeidskvardag med moglegheit for kombinasjon av fysisk arbeidsplass og bruk av heimekontor. Stillinga blir lønna som Assisterende direktør i kode 1061 752 800,- til 850 000,-. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Det blir tilbydd god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.

Er du klar for ein ny epoke i leiarskapet ditt? For meir informasjon om stillinga og organisasjonen kontakt våre rådgjevarar Alexander Wold Hjertaker/ Per Inge Hjertaker hjå Headvisor, tlf 97528649/ 91729682, eller direktør Herdis Ulveseth hjå NAV Økonomiteneste tlf. 99718546. Kortfatta søknad med CV snarast og seinast 15.11.21.

Eit godt stykke inn i Sognefjorden, i den vesle bygda Leikanger, finn du NAV sin interne tenesteleverandør for lønns- og rekneskapstenester. NAV sitt rekneskap utgjer 1/3 av statsbudsjettet, og vi har ei viktig rolle for å sikre god kvalitet på rekneskapen.


Lignende søk: Leder, Regnskap / Revisjon